Rapport: Nerlandsøybrua er trygg

Ein ny rapport slår fast at bilistar ikkje har noko å frykte ved å bruke bru i Herøy.

Skader Ein av fleire skader som er avbilda og dokumentert i rapporten. Her er det avskaling og korrosjon på armeringa på ein av søylene.   Foto: Fagrapport Nerlandsøybrua

Nerlandsøybrua - arkivfoto frå april 2017  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

(les rapporten til høgre - under om du les på mobil)

Rapporten som blei bestilt av fylkestinget i juni i år viser at Nerlandsøybrua er trygg å bruke. I arbeidet med rapporten som no er klar, er det gjort nye undersøkingar og ein har henta inn dokumentasjon frå då brua blei bygd.

– Du kan trygt køyre over Nerlandsøybrua slik som den er i dag. Vi vil no finne den beste framtidige løysinga for å krysse fjorden over til Nerlandsøya, seier samferdselssjef Arild Fuglseth i ei pressemelding frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Den dårlege tilstanden til Nerlandsøybrua har vore ein gjengangar i media og offentleg forvalting i fleire år. Snart skal det takast stilling til kva som skal gjerast med kryssinga av fjorden på staden.

Sunnmørsposten 2012: Brusjokk for øysamfunn

Ei utgreiing frå Statens vegvesen skal vise omfanget og kostnader for ulike alternativ og saka blir lagt fram for politisk behandling i mars neste år.

Rapporten frå Dr. Techn. Olav Olsen skisserer tre ulike alternativ for vedlikehald:

  • Ingen tiltak, men auka overvaking og levetid på om lag 5 år.
  • Gjentakande vedlikehaldstiltak, for levetid på om lag 10 år.
  • Omfattande vedlikehaldstiltak og forsterking, for levetid på om lag 40 år.