Det er konklusjonen Arbeidstilsynet har komet fram til etter dialog med bransjen.

– Vi har lytta til bransjen og ønsker å finne ei løysing som både bransjen kan leve med, og som samtidig sikrar at sesongarbeidarane har gode buforhold, seier regiondirektør Borghild Lekve i Arbeidstilsynet i ei pressemelding.

I sommar gjennomførte Arbeidstilsynet i Sogn og Fjordane tilsyn med rundt 40 bærprodusentar.

Fleire fekk krav

Fleire av desse fekk krav om å tilby einerom til sesongarbeidarane, noko som førte til kraftige reaksjonar – også hos jordbærbøndene i Valldal.

No har Arbeidstilsynet kome til at dersom bestemte krav blir følgd, kan bærprodusentane innkvartere arbeidstakerane på rom med maksimalt fire personar per soverom. Dersom dei blir innkvartert i campingvogn skal det maksimalt vere to personar.

Bestemte krav til standard

- Når bonden tilbyr bustad til sine tilsette er det bestemte krav til standarden. Moglegheita for tilstrekkeleg kvile er viktig for å kunne restituere seg. Dette har direkte betydning for arbeidstakarane si helse og sikkerheit på arbeidsplassen. I tillegg er det viktig at innkvarteringa er slik at omsynet til privatliv kan takast vare på, seier Lekve.

Dette er Arbeidstilsynet sine føringar for innkvartering av sesongarbeidarar i landbruket:

• Det skal vere maksimalt fire personar per soverom, maksimalt to personar dersom det er campingvogn.

• Soverommet bør ha eit romvolum på minst 7,5 kubikkmeter.

• Soverommet skal ha vindu som kan opnast, og vinduet skal kunne brukast som rømningsveg.

• Dersom det ikkje er anna opphaldsrom skal soverommet vere stort nok til at det kan utstyrast med bord, stolar med rygg, og eventuelt anna som er nødvendig for å ivareta arbeidstakarane si velferd.

• Bebuarane skal ha tilgang til dusj, vaskerom og toalett.

• Buarealet skal ha tilstrekkeleg med rømningsvegar, røykvarslarar og sløkkeutstyr.

Desse krava er regulert i Arbeidsmiljøloven § 4-4(4) og gjeld for sesongarbeidarar som jobbar inntil 10 veker per periode.