(Møre-Nytt:) Bondalseidet Hytteutvikling AS vart etablert tidleg på 2000-talet i samband med at Bondalseidet vart definert til hytteutbyggingsområde.

Det var fleire interessentar i selskapet, men siste åra har Inge Kolås stått som eineeigar i selskapet.

– Selskapet hadde ei gjeld på 9,6 millionar kroner då det fredag vart meldt oppbod, seier bustyrar og advokat Thore Heggen.

Underskot

Rekneskapstal frå regneskapstall.no syner underskot i verksemda siste åra.

I 2015 var det eit underskot på 568.000 kroner og i 2016 på 847.000 kroner.

Det har vore underskot dei fire siste åra.

– Bondalseidet Hytteutvikling AS har operert i ein marknad med sterk konkurranse. Slik eg har skjøna det, har det vore vanskar med å få omsett hyttetomter dei seinare åra. Det har vore ein treg marknad, seier Heggen.

Skiftesamling i januar

Det er varsla skiftesamling hos Søre Sunnmøre tingrett den 3. januar.

Konkursen i Bondalseidet Hytteutvikling AS er ikkje den fyrste av sitt slag i området. For nokre år sidan gjekk eit tilsvarande selskap konkurs på Standaleidet. Der tok Sparebank 1 Søre Sunnmøre over hyttefeltet, og har selt tomter rimeleg dei siste åra.

Bondalseidet Hytteutvikling AS har satsa både på sal av frittståande hytter og leilegheiter på Bondalseidet. Selskapet har fått regulert fleire område til føremålet.

Denne saka vart først publisert i Møre-Nytt.