Det skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i ei melding.

Endringar båt frå fredag 24. november:

Avgang kl. 23.05 frå Skateflukaia blir flytta til kl. 23.15 alle dagar for korrespondanse med siste buss frå flyplassen.

Avgangar etter kl. 22.55 laurdagar vil ikkje ha ventetid på Valkvæ, men gå direkte til byen. Dette vil gi eit betre tilbod til passasjerane frå Valderøya.

Endringar buss frå måndag 27. november:

Avgang frå Ytterland kl. 07.25 flyttast til 07.20. Avgang frå Juv kl. 07.45 flyttast til 07.40. Avgangar frå Volvo (Breivika) vil gå frå austgåande haldeplass og køyrer deretter opp på E39. Ny avgang frå Ytterland til Giske kl. 15.00. Avgang frå Valkvæ kl. 15.05 køyrast berre til Godøy skole.Ny avgang frå Valkvæ til Alnes og Juv kl. 15.10. Avgang frå Juv kl. 15.30 til Valkvæ går ut. Avgang rute 662 frå Ålesund kl. 20.25 flyttast til kl. 20.35. Avgang rute 650 frå Kverve kl. 20.32 flyttast til kl. 20.42.