–  Dette er riktig tidspunkt å gjere ei endring på. Selskapet har vore gjennom ei avgjerande periode med å skaffe nye eigarar, og det var viktig for meg å vere på plass i heile denne fasen. Eg ynskte ikkje å vere ein kaptein som forlet skuta før ho var berga, seier Ståle Rasmussen i ei melding frå selskapet.

Konsernsjefen fylte 60 år i oktober, men har ingen planar om bli pensjonist. Rasmussen seier til smp.no han «har nokre prosjekt,» men vil ikkje no utdjupe kva det er snakk om.

– Det er heller ikkje 100 prosent avgjort, men eg har tenkt til å halde fram i den maritime industrien, seier han til smp.no.

Førebels har han merksemda på å styre Kleven-skuta til ein etterfølgjar er på plass.

– Eg har jobba her i 16 år, og skal først halde fram med å gjere absolutt alt eg kan for å hjelpe Kleven vidare, legg han til.

Rasmussen vil ikkje seie noko om kva for kvalifikasjonar han meiner etterfølgjaren bør ha, og viser slike spørsmål til Leif Teksum som tok over som styreleiar tidlegare i haust.

Håpar på lokal etterfølgjar

–  Kleven har under Ståle Rasmussen si leiing vore gjennom store endringar og gjennom skiftande marknadssituasjonar. Styret set pris på at han fortset som konsernsjef fram til det er avklart kven som vert hans etterfølgjar, og på den måten er med på å sikre ei god plattform for Kleven si vidare utvikling, uttaler styreleiaren i pressemeldinga.

Styreleiaren seier til smp.no at dei har hyra inn eit rekrutteringsbyrå som vil gå breitt ut i arbeidet.

Men Teksum vil gjerne finne ein etterfølgjar med lokal tilhøregheit: – Det håpar og trur vi er mogleg. Personen bør har god kjennskap til det lokale næringslivet og det er eit stort ønskje at vedkommande vil busette seg i nærområdet, seier han til smp.no.

Styreleiaren seier at dei ikkje har sett seg noko tidsfrist, men vil bruke den tida som er naudsynt for å finne rett person.

– Vi er ute etter ein person som er ein god leiar og kan bringe Kleven vidare. Vedkomande bør ha leiarerfaring frå tilsvarande verksemd og forstå seg på skipsbygging, seier han.

God evner til å motivere, bygge relasjonar og god forståing av marknaden er andre eigenskaper Teksum meiner dei bør legge vekt på.

Etter at nye eigarar kom inn i Kleven, er det berre Kjersti Kleven att frå det gamle styret.

Les også: Bankveteran og kjendisadvokat inn i Kleven-styret (for abonnentar)