Bommen på Sykkylvsbrua forsvinn 1. februar

Frå 1. februar neste år blir det gratis å køyre over Sykkylvsbrua.

BRU: Bomstasjonen blir fjerna 1. februar neste år. FOTO: TERJE ENGÅS 

Nyheter

Då er det slutt på 17 år med bompengeinnkrevjing på den privatfinansierte brua over Sykkylvsfjorden, melder Sykkylvsbladet.

Som tidlegare omtala her i Sunnmørsposten var det klart at det ville bli gratis i januar-februar neste år.

Og no har styret i Sykkylvsbrua AS finrekna på dei ferskaste trafikktala og kome fram til at den magiske datoen vert 1. februar.

Ved utgangen av oktober i år var det registrert nærare ti millionar passeringar på dei 17 åra, noko som har gjeve 267,5 millionar kroner i kassa.

Dei tre store aksjonærane i bruselskapet er Sykkylven kommune, Ekornes ASA og Sparebanken Møre.