Hus overtent – evakuerte naboar Fredag kveld var Øyvind Eikrem heime saman med mor og hund i huset på Eikrem i Vanylven kommune, då han reagerte på røyklukt.

– Tjukk, tett røyk som stod ut av vindauga på huset, som er eit gamalt trehus, fortel han.

Eikrem sprang så bort for å sjekke om der var folk i huset, men døra var låst og bilen borte frå garasjen, fortel han.

La slangar

Fleire naboar kom også til. Utover kvelden har Eikrem hjelpt brannvesenet med sløkkingsarbeidet. Medan nabohuset stod i full fyr berre ti meter frå hans eige hus, hjelpte han brannvesenet.

– Alt går så kjapt. Vi måtte ned til sjøen for å få vatn. Slik er det på bygda, vi har ikkje brannkummar nok, og ein brannbil har ikkje nok til å sløkke eit heilt hus. Så vi måtte legge slangar ned til sjøen og pumpe opp vatn, seier Eikrem, som anslår at huset ligg cirka 100–150 meter frå sjøen.

På grunn av røykutvikling og fare for spreiing blei totalt fire nabohus evakuerte fredag kveld. Eikrem sitt hus var eitt av dei, og ligg knappe ti meter frå huset som brann.

– Det er jo dyktige brannfolk og dei fekk kontroll på det, men vêr og vind jobba litt imot oss ein stund. Det som skjer, det skjer, og ein kan ikkje styre høgre makter, men det er jo ikkje kjekt å sjå, seier Eikrem.

Bur hos kompis

No har brannvesenet kontroll. I natt vil dei overvake huset og passe på at brannen ikkje blussar opp att. Eikrem bur no hos ein kompis over helga.

Ettersløkking

Operatør Tor Ivar Sjåstad ved 110-sentralen stadfestar at det tidleg i forløpet blei lagt slangar for å pumpe sjøvatn til skadestaden.

Brannvesenet fekk melding om brannen klokka 18.17 fredag kveld. Klokka 20.36 melde mannskapa på staden om rimeleg bra kontroll og greitt med vanntilføyrsle.

– Deler av huset er tømmer, og det kan difor ta litt tid å sløkke. Brannvesenet blir på staden ei god stund utover natta for å drive ettersløkking, kjøle ned og overvake, sa Sjåstad fredag kveld.

Brannvesenet avslutta sløkkingsarbeidet laurdag morgon, og overvakar staden med varmekamera for å sikre at det ikkje blussar opp att i massane. Brannårsaka er ukjend, og politiet vil sette i gong åstadsundersøkingar på måndag.

Kjend problem

Det er ikkje første gong at vanntilføyrsle er eit problem når det brenn på bygda. I september sto lokale brannmenn i fleire timar med tomme slangar og såg på at eit hus brann på Remen på Vartdal. Også då var det mangel på lokalt sløkkevatn.

Brannsjef Roy Inge Heltne i Volda sa følgande til Smp.no etter hendinga:

– Eg vil tru problemstillinga er temmeleg lik for bygdene våre, både i Ørsta, Volda og truleg dei fleste andre bygder. Til lenger vekk frå sentrum – og frå sjø og vatn – til større er faren for at ein bygningsbrann endar med totalskade, sa Heltne.