Med sin rike kunnskap, grundige analysar og klare meiningsytringar har han prega samfunnslivet i nordvest gjennom fleire tiår. Både som redaktør, forfattar, foredragshaldar og engasjert samfunnsborgar har han sett gode spor etter seg. Ei svært betydningsfull stemme har stilna. Vi er mange som kjenner at det blir tomt etter han.

Harald Kjølås var frisk og aktiv heilt fram til han brått vart råka av alvorleg hjarteinfarkt førre veke. Han vart sendt til St. Olavs i Trondheim, men livet kunne ikkje bergast. Han døde med sine næraste rundt seg måndag. Våre tankar går i dag først og fremst til familien, som har mista ein uendeleg kjær og god ektemann og far.

Harald Kjølås kom frå NRK Dagsnytt då han vart tilsett i Sunnmørsposten som sidestilt ansvarleg redaktør med Magne Flem i 1978. To år seinare tok han over som eineansvarleg redaktør og fylte denne rolla heilt fram til 1992, då han vart politisk redaktør. Som politisk redaktør skreiv han leiarartiklar kvar dag, samtidig som han redigerte alt meiningsstoffet. Kjølås vart pensjonist i 2011, men han heldt fram med å skrive heilt til det siste. Ei oppteljing i samband med 70-årsdagen viste at han hadde skrive godt over 16.000 leiarartiklar, noko som vitnar om hans enorme arbeidskapasitet.

Kjølås førte arven vidare frå legendariske Dagfinn og Magne Flem og utvikla Sunnmørsposten som partipolitisk uavhengig og sosialliberal avis inn i ei ny tid. Det sosialliberale fundamentet kombinerer fridom for kvar einskild, med likeverd og eit sterkt sosialt engasjement. Det var dette synet han navigerte etter i sine leiarartiklar, samtidig som han kjempa med glødande engasjement for Sunnmøres interesser.

Harald Kjølås var fødd på Stranda i 1942, og tok artium ved Firda Gymnas på Sandane i 1964. Han vart cand.mag. i 1969 ved Universitetet i Oslo, med faga offentleg rett, sosiologi og statsvitskap.

Ole Kristen Harborg, Harald Kjølås og Asbjørn Gjærde i valsending på NRK i 1976. Foto: NRK

NRK var i mange år arbeidsplassen hans. Han var programsekretær, vaktsjef og stortingsmedarbeidar i Dagsnytt radio frå 1971 til 1978. Han var opptatt av medieutvikling, og deltok i fleire utval, både som formann i Kringkastingsreklameutvalet (1982-84), medlem i Nærradioutvalet (1981-82), formann i Presseforbundets og Redaktørforeningens medieutval, styremedlem i NTB og styremedlem for Høgskulen i Volda.

Samtidig med jobben som redaktør skreiv han bøker. I 1999 kom boka «Norske statsministrar» ut på Samlaget. Boka inneheld biografiar om alle norske statsministrar frå 1873 til 1999 og tar for seg livsløp, karriere og politisk rolle for kvar enkelt. Kjølås var redaktør for boka «100 år 100 navn» på Sunnmørsposten Forlag, og i 2005 kom «Gardane langs Storfjorden» på Samlaget.

Han skreiv bedriftshistoria til A.M. Liaaen «Fra pionerbedrift til ny bydel» i 2011, og det siste året har han vore med i redaksjonskomiteen til boka «Amanda – journalist og pioner» som kom ut på Sunnmørspostens Forlag no i november. Han var engasjert i lokal historie, og skreiv tallause artiklar. For få dagar sidan kom Storfjordkalenderen, den 24 i rekka, med små historier for kvar månad neste år, som alle er ført i pennen av Harald Kjølås. Inntektene av kalenderen går til drifta av Storfjordenes Venner, ein organisasjon som han er æresmedlem av.   Den stilsikre språkmannen vart heidra med Målprisen 2016 av Sunnmøre Mållag.

Harald Kjølås vil bli hugsa som ein uvanleg kunnskapsrik person, med høg integritet og stor formidlingsevne. Men trass dette var framferda hans aldri hovmodig og brautande, men venleg og audmjuk. Han var djupt respektert av folk frå ulike politiske leirar.

Vi vil minnast ein hyggeleg kollega med lun humor, som delte raust av sin kunnskap, og som alltid hadde tid til å svare og gi råd.

Harald Kjølås har gjort ein framifrå innsats for Sunnmørsposten og for landsdelen, og vi som var så heldige å få jobbe saman med han, er fulle av takksemd.

Vi vil lyse fred over Harald Kjølås sitt minne.

Harald Kjølås byrja i Sunnmørsposten i 1978. Her er han på Fjellstua i 2007. Foto: Staale Wattø
Harald Kjølås vart politisk redaktør i 1992. Foto: Sunnmørsposten