Problemet begge møtte var å få innpass i kjedebutikkane, for det er der mesteparten av juleplanten blir selt.

– Produksjon av julestjerner var aldri nokon økonomisk gullgruve. Men det var greitt å halde på med på denne tida av året, seier Peder Linge Stakkestad ved Linge Gartneri.

Han gav seg med juleplanter for to år sidan. Sjølv om det betyr mindre inntekter, så betyr det også mindre utgifter. For julestjerner som skal dyrkast fram i drivhus krev mykje lys og varme. Og straum er ikkje billig.

– Samtidig så var det også spanande om vi klarte å få selt ut alt. For det er ingen som kjøper julestjerne i januar, legg Stakkestad til.

Gartneriet går for fullt vidare, med produksjon av sommarblomster i stor stil. Det er det han lever av.

– På ein måte var det litt trist å slutte med julestjerner. Men det er no ikkje heilt sikkert at eg aldri vil starte opp att, seier gartnaren på Linge.

Nokre kilometer unna held Per Magnus Berdal til med sitt Berdal Gartneri.

Han er storprodusent av agurk. I år dyrka han fram 160 tonn, noko som utgjer om lag 450.000 agurkar.

Men også han dreiv stort med produksjon av julestjerner.

– På det meste hadde vi 22.000 julestjerner. Men vi gav oss for fem-seks år sidan, fortel Per Magnus Berdal.

No satsar han berre på agurk:

– Vi tek til å så rett etter nyttår. Då har vi dei første agurkane i slutten av februar. Og sesongen varer til ut oktober.

I tillegg til vanskar med å få innpass hos kjedebutikkane, så har salet av julestjerner også gått tilbake på landsplan, fortel Peder Linge Stakkestad.

Det stadfestar Tove Ladstein, informasjonsansvarleg i Opplysningsrådet for blomster og planter (OBP):

– Det har gått litt ned dei siste åra. Salet av julestjerner var oppe i fem millionar planter for nokre år sidan. Tala frå i fjor viser at det vart selt 4,2 millionar planter, seier Ladstein.

Men om salet av julestjerner har gått noko ned, så er det auke i salet av andre planter til jul, ikkje minst asalea, amaryllis og eldtopp, fortel Ladstein.

Nokre mindre, lokale gartneri på Møre dyrkar framleis julestjerner, men i langt mindre målestokk enn dei store i Norddal.