Ei ferje ute på Aursnes-Magerholm

Reserveferja «Sulafjord» med plass til 100 personbilar er i drift frå kl. 12.30, melder Fjord1.

MF Volda er ute av drift på sambandet Aursnes-Magerholm. Arkivbilde.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

Aursnes-Magerholm vert inntil vidare trafikkert etter avgangar merka med B i rutetabellen, opplyser reiarlaget.

Pålagt kviletid

Begge ferjene låg på Aursneset med mannskap tysdag morgon, men bilistane fekk beskjed om at den andre ferja ikkje kunne gå på grunn av kviletidsbestemmingar.

Trine Cruickshank regna med at ho ikkje kom til å rekke 07-flyet frå Vigra.

- Heldigvis for oss så kom det ein ambulanse som gjorde at ferja som skulle gått 05.00 gjekk 05.20. Det var flaks, seier bilisten og legg til: - Synd for alle dei som satsa på 05.40-ferja.

Kunne ikkje det utkvilte mannskapet brukt ferja som låg der og som fungerte, spør bilisten.

Operativ leiar Vik svarer generelt: - Alle båtar har sine kompetansekrav. Dermed er det ikkje sikkert at mannskap på ein båt har sertifikat til å operere den andre båten.