Eigedomsselskap kasta korta 20 minutt før overtaking:

Volda Sanitetslag saksøkjer firma som vil trekkje seg frå hus-kjøp

Volda Sanitetslag går til sak mot firmaet som vann bodrunden om sanitetshuset, men som trekte seg like før overtaking.

RETTSSAK Leiar Annie Sandvær (t.v.) og kasserar Torill Rødven Eide i Volda Sanitetslag håpar konflikten kan løysast utan rettssak, men meiner dei har ei god sak. Saniteten driv mykje dugnad og gir alt dei får inn av pengar til gode formål i lokalsamfunnet. Laget har god økonomi og har pengar til å køyre rettsprosess. Dei har flytta ut av sanitetshuset og fått nytt lokale midt i Volda sentrum.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

– Sjølv om vi er ein gjeng godt vaksne damer, så let vi oss ikkje pille på nasen sånn utan vidare, seier Torill Rødven Eide og Annie Sandvær i Volda Sanitetslag.