Oppgraderinga av Godøytunnelen

Kø-betring i sikte i Giske

Statens vegvesen vurderer i samråd med entreprenøren å auke talet på bilar per kolonne gjennom Godøytunnelen.

Nr 11 Odd Jarle Støbakk hadde 11.-plass i køen onsdag. Han synest ordninga fungerer greitt. 

Ein må møte opp i god tid for å kome blant dei 30 bilane

Odd Jarle Støbakk
Nyheter

– Vi har merka oss at det i enkelte kolonneavgangar kan stå att bilar, seier prosjektleiar Ole Kristian Birkeland i Statens vegvesen til Sunnmørsposten. Statens vegvesen har fått ein del reaksjonar frå publikum, og dei vurderer no å sleppe fleire bilar igjennom tunnelen i dei kolonnene som er sett opp. I dag er det maksimalt 30 bilar per kolonne. Årsaka til avgrensinga er helseomsyn for dei som jobbar nede i tunnelen.