Ho vandrar langs grøne radar i det som ein gong var produksjonslokala til Helland Møbler.

– Her er rein, lokal mat året rundt, avla fram på organisk materiale, fri for forureining og der du slepp å sprøyte. Reinare får du det ikkje, seier ho.

Jorda blei ubrukeleg

Evensen fortel at Japan er langt framme med teknologien.

Etter jordskjelv og tsunami i 2011 – med etterfølgjande radioaktivt utslepp frå kjernekraftverket i Fukushima – blei jorda ubrukeleg.

I Japan blei hydroponi ei viktig løysing der dei nyttar vatn til jordlause planter. I Stordal byggjer systemet på akvaponi.

Livsløp mellom fisk og plantar

Kort fortalt er akvaponi eit økosystem med nullutslepp der ein nyttar avfallsstoff i vatnet frå settefisk som næring til plantar som vert drivne fram innandørs. Dette skjer i dag i pilotprosjektet i Stordal.

Vatnet frå fiskekummane vert filtrert og legg igjen ein biomasse som vert ypparleg næring for plantane. Prosessen reingjer vatnet som vert ført tilbake til fiskekummane eller til avløp.

– Plantane har ein syklus på 6–8 veker. Vi nyttar økologiske ubeisa frø. Spirene vert sett i torvpluggar eller brikker frå Rockwool.  Hadde plantane stått i jord, kunne vi sagt dei var økologiske. Dei er heller ikkje sprøyta. Dette er rein, sporbar, lokal mat, understrekar Evensen.

Pilotprosjektet har stønad både frå det offentlege og nokre private.

Torsdag kveld blir det sal i Ålesund.

Først i Norge

For første gang i Norge vert det torsdag sal via REKO-ring på Facebook.

REKO er ein forkorting for reint konsum. Produkta vert selde direkte til kundane som tingar varene via Facebook.

Ved å melde seg inn i REKO-ringar på Facebook finn kundane fram til lokale produsentar og vareutvalet deira. Bestillinga skjer via kommentarfeltet.

I kveld skal Evensen frå Amazing Greens og andre lokale produsentar levere ut varer på Felleskjøpet i Ålesund til eit bestemt klokkeslett.

Her får kunden med seg si levering, korkje meir eller mindre. Du må ha bestilt på førehand.

Tatt av i Finland

– Ordninga med Facebooksal starta i Frankrike og har tatt veldig av i Finland. I løpet av fire år er 300.000 finnar komne med i REKO-ringar, og dei har nådd ein omsetnad på 30 millionar kroner.

Ho trur ordninga vil gje økologiske bønder og småbruk ein renessanse.

10.000 smolt

Akkurat no står dei tre fiskekummane tomme. Her har Evensen hatt 10.000 smolt som har vakse seg store.

No er kummane reinsa og desinfiserte. Den 8. desember kjem ny ladning med settefisk.

– Tanken er å standardisere dette og kople til fleire settefiskanlegg som kan nyttiggjere seg av reint vatn frå plantane, seier Evensen.