Klart for semifinale i The Voice:

– Kjipt om vi ryk ut no

Av dei fem artistane i direktesendinga fredag kveld, går fire vidare til finalen. Det betyr at minst ei av desse to vil vere med å kjempe om sigeren i The Voice. Minst.

LOKALE HÅP Elise Nærø (t.v.) og Andrea Santiago Stønjum er framleis med i songkonkurransen The Voice. Kjem dei to seg vidare frå direktesendinga i kveld, er dei faktisk i finalen. Foto: Privat 

Nyheter

– Har vi først kome så langt, vil det vere kjipt å ryke ut no. Vi vil til finalen, seier Elise Nærø (29) og Andrea Santiago Stønjum (16) – dei to lokale håpa som er att i songkonkurransen på TV2.