– Falcon vart teikna av Sigurd Resell i 1970. Resell er blant topp fem møbeldesignarar i Norge gjennom tidene.

Det seier Per Arne Sæter, dagleg leiar ved Vatne Møbler AS i Haram.

På midten av 70-talet var dei 110 tilsette ved fabrikken, som då heitte Vatne Lenestolfabrikk. Dei produserte 35.000 Falcon-stolar i året. Salet utgjorde 70 prosent av fabrikken si omsetning.

Fleire nedturar

Sidan kom det oppkjøp og den eine nedturen etter den andre. Økonomiske hestekurar og beinhard konkurranse frå utlandet var noko som råka den norske møbelbransjen.

Fabrikken på Vatne vart lagt ned. Men nokre ivrige sjeler, der Per Arne Sæter var ein av dei, kjøpte tilbake fabrikknamnet og starta opp att i 2003.

I dag er Vatne Møbler ei lita bedrift med fire tilsette. Men dei har nok å henge fingrane i, der restaurering av møblar er deira store spesialitet.

Men Sæter klarte ikkje å legge vekk tanken om å lage Falconstolar igjen. Så no er dei i gang, og marknaden har også fått med seg at Falcon er tilbake:

– Vi har førebels avtalar med fem forhandlarar. Målet er å få avtalar med 25–30 forhandlarar berre i Norge, seier Sæter.

Populær i Danmark

Men Falcon er internasjonal. Då dei selde som mest på 70-talet stod Danmark åleine for halve omsetninga.

– Vi sende også stolar til mange andre land, som til dømes Australia, Japan og USA. Ja, og så til Italia. Der leverte vi til ein fabrikk som sydde eigne puter til stolane. I fleire år sende vi 3.000 stolar i året til Italia.

Og ein link til Italia har Falcon framleis. For dei stolane som Vatne sel no har understellet sitt produsert nettopp i Italia, medan montering, sying og pakking skjer på Vatne.

– Eg trur at Danmark igjen kjem til å bli ein stor marknad for oss. I februar neste år skal vi lansere Falcon på den store møbelmessa i Stockholm. Der har ikkje Vatne vore på mange år. Men no slår vi til. Allereie i dag merkar vi internasjonal merksemd for Sigurd Resell sin høgst spesielle stol.

Vatne har mellom anna kontakt med to forhandlarar i Paris som har stolar i ordre.

Sæter ser på finn.no at det er stor interesse for å kjøpe brukte Falcon-stolar. Det tek han som eit teikn på at satsinga er rett.

Dessutan er Sigurd Resell eit namn som er skriven inn i norsk møbelhistorie.

Resell (1920–2010) blei født i Meldal i Trøndelag. Han utdanna seg først til snikkar, før han gjekk på Statens håndverks- og kunstindustriskole.

Etter studiane vart han tilsett ved Rastad & Relling Tegnekontor, og var der heilt til han vart sjefsdesignar ved Vatne Lenestolfabrikk i 1968. Og det var altså i 1970 han teikna Falcon, som først hadde namnet Blankvals, og vart sett i produksjon året etter.

Det spesielle er at stolen er bygd opp etter hengekøyeprinsippet, der sete og rygg utgjer ein poseform i lerret, hengt opp i fire punkt, fortel Store norske leksikon.

Seinare kom Falcon også i laminert bøk, og fekk også ein høgrygga variant med nakkepute, ein fotskammel og eit rundt og kvadratisk bord.

Falcon vart populær, og populære møblar blir ofte kopierte. I Danmark vart ein svært lik stol produsert under namnet Super Star.

Det likte Vatne dårleg, og tok stolen til retten der Vatne fekk medhald i at danskane sin stol var for lik Falcon.