Kuttar Ørskogfjellet:

Går inn for E39-alternativ med 110 km/t som fartsgrense

Statens vegvesen anbefaler å utvikle E39 Digernes-Vik etter konsept K3. Det vil blant anna seie ein lang tunnel forbi Svartløkvatnet.

K3 Vegvesenet tilrår at ein byggjer ny E39 etter K3-konseptet. Illustrasjjon  Foto: Statens vegvesen

Nyheter

Vegen skal byggjast med høg standard, med 110 km/t som fartsgrense.

Statens vegvesen si tilråding inneber veg i dagen mellom Digernes og Dragsundet om Valle, veg i dagen forbi Fylling, lang tunnel forbi Svartløkvatnet og veg i dagen om Tomrefjorden til Vik.

Bu- og arbeidsmarknad

Ifølgje pressemeldinga har Statens vegvesen gjennomført ei utgreiing av traséar for E39 frå Digernes i Skodje kommune til Vik i Vestnes kommune. Dette legg grunnlag for Samferdselsdepartementets avgjerd av traséval på strekninga.

– Det er lagt særleg vekt på det prosjektutløysande målet om å knytte bu- og arbeidsmarknaden i området tettast mogleg saman og legge best mogleg til rette for transport over lengre distansar, heiter det i pressemeldinga.

Konsepta om Svartløken gir også betre grunnlag enn konsepta over Ørskogfjellet for å oppnå måla som ligg til grunn for Stortinget sin langsiktige ambisjon om ein utbetra og ferjefri E39.

Sparer 25 minutt på reisa

Fullt utbygd gir konseptet ei innsparing i reisetid på strekninga på 25 minutt, og har ein kostnad på om lag 7,9 mrd. kroner.

Ut frå forventa trafikkutvikling anbefaler Statens vegvesen at strekninga blir bygd ut stegvis. Når det er bygd ut veg med H5-standard (90 km/t) på heile strekninga vil reisetida bli redusert med 20 minutt samanlikna med i dag. Ei slik utbygging vil koste om lag 4,8 mrd. kroner.

Utgreiinga vert sendt på høyring med frist 28. februar 2018.