Sunnmøring tiltalt for overgrep mot sovande kvinne

Ein sunnmøring i slutten av 20-åra er tiltalt for eit seksuelt overgrep mot ei sovande kvinne i Stryn i sommar.

Retten Ein sunnmøring må møte i Sogn og Fjordane tingrett i januar. Illustrasjonsfoto  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

Statsadvokaten har teke ut ein alvorleg tiltale mot ein mann frå Sunnmøre. Forholdet som har ei strafferamme på over seks år, gjeld seksuell omgang med ei kvinne som sov og var ute av stand til å motsetje seg handlinga.

Ifølgje tiltalen skal handlinga ha skjedd i Stryn ei natt i juni i år.

Saka kjem opp for Sogn og Fjordane tingrett i Førde i januar.