- Politiet er spesielt interessert i tips om ein person som hadde på seg mørk caps, mørk jakke og lys bukse, seier etterforskingsleiar Grete Hjelle ved Møre og Romsdal politidistrikt i ei pressemelding.

- Det er viktig at dei som kan ha vitneobservasjonar eller tips til oss, kjem med desse så raskt som mogleg, legg ho til.

Kvinna er tatt hand om, opplyser politiet.

- Politiet etterforskar den grove kroppskrenkinga av henne breidt. I ettermiddag er det blant anna utført taktisk etterforsking og kriminaltekniske undersøkingar, opplyser Hjelle.