Politiet fekk like før midnatt laurdag kveld melding om mogleg person i sjø ved Herøybrua i Herøy kommune.

Rundt klokka 00.45 fortel operasjonsleiar Kenneth Sætre ved Møre og Romsdal politidistrikt at dei har sjekka ut eit tips frå eit vitne.

Brannvesen, politi, redningsskøyte og redningshelikopter rykka ut seint laurdag kveld.

- Vi har fått melding om at personen er observert på land og det er ikkje gjort observasjon av person i sjø, seier han til Sunnmørsposten.

I ei Twitter-melding klokka 00.56 skriv politiet følgjande:

«Herøy, Nautøya: Politiet sammen med redningsskøyte, lokalt brannvesen og redningshelikopter driver overflatesøk i området mellom Nautøya og Stokksund. Bakgrunnen for søket er melding om at en person som er observert i området av et vitne, plutselig forsvant.»

Eit par minutt seinare skriv dei ei ny melding:

«Herøy, Nautøya: Så langt er søket resultatløst og ingen holdepunkter for at noen har falt i sjøen.»

Klokka 01.35 blei aksjonen avslutta.