(Sunnmøringen):  Møre og Romsdal fylkeskommune opplyser at det berre er følgjande bussruter som køyrer på julaftan, søndag 24. desember:

Rute 618 Hessa-Skarbøvik-Ålesund sentrum-Ålesund sjukehus-Moa-Myrland-Magerholm

Flybussen i Ålesund rute 660

FRAM Ekspress rute 681 Ålesund-Åndalsnes

FRAM Ekspress rute 420 Molde-Åndalsnes

FRAM Ekspress rute 901 Kristiansund-Oppdal

I tillegg er nokre av avgangane til ferjerutene 50 Seivika-Tømmervåg og 54 Sandvika-Edøya justert.

Fylkeskommunen opplyser òg at FRAM Flexx-tilbodet er innstilt i jula, i perioden 23.12.17-01.01.18.

Feil i ruteheftet

For dei som skal feire jul eller nyttår i Ålesund, Giske eller Sula er det òg viktig å merke seg at det er feil i det trykte ruteheftet. Der står det at det er laurdagstilbod for bussane i dette området på julaftan og nyttårsaftan, men fylkeskommunen seier at dette ikkje stemmer.

Dei viser til Fram-appen og reiseplanleggaren på nett for oppdaterte rutetider i høgtida.

Denne saka var først publisert i Sunnmøringen