Sushi-marknaden spør etter rå reker, fortel Wenche Emblem Larssen i Møreforsking.

Rekefangst med teiner

Det vanlege er at rekene blir kokt om bord i fiskebåten, og deretter selt ferske eller frosne.

I haust har Møreforsking deltatt i eit pilotprosjekt i Finnmark. Teinefanga reker er lagt rett på is frakta til restaurantar i Oslo og København.

– Vi trur at det er ein stigande etterspørsel etter ferske, rå reker. Vi vil no utvide prosjektet til trålfanga reker frå Møre og Romsdal. Frå Nordvestlandet er det mogleg å levere ferskt råstoff innan 24–48 timar til store delar av verda, seier ho.

Håper på støtte frå fylket

Aller først håper Møreforsking på støtte frå fylket.

Japan

Sandefisk/Finefish på Sandshamn og i Fosnavåg ønskjer å vere med på pilotprosjektet.

– Sandefisk omset levande hummar og kreps samt fersk fisk på eksportmarknaden, og ser ein potensiell marknad også for rå, ferske reker.

Ceviche Dette er ceviche, som er rå reker behandla med lime, forklarer Wenche Larssen.

Ocean Supreme er med som eksportør. Tanken er å bruke «Møre of Norway»-logoen. Vel framme på kjøkkenet kan rekene anten varmebehandlast eller serverast rå.

– Ferske, rå reker har stort brukspotensial. Sushi, ceviche eller gambas pilpil kan nemnast, reklamerer Larssen.