Dei nærare 90 frivillige i Kirkens SOS Møre og Romsdal er del av ei landsdekkande og døgnopen kriseteneste på telefon og internett, og dei ser prisen som ei stor påskjøning for arbeidet dei gjer.

– Etter å ha vore nominert fleire gonger tidligare, er det svært gledeleg at Kirkens SOS no vert tildelt Frivillighetsprisen.  Prisen er først og fremst ei viktig heider til våre frivillige, og det skaper glede og motivasjon i heile organisasjonen, seier Hilde Lillestøl, dagleg leiar i Kirkens SOS i Møre og Romsdal, i ei pressemelding.

Kirkens SOS har sidan 1974 gjeve tilbod om samtaler til alle som trenger ein å snakke med. Dei som tek kontakt er anonyme og kan mellom anna fortelje om einsemd, sjukdom, motløyse og bekymring. Andre fortel at dei tenkjer på å avslutte livet.

Greta Sandanger Goksøy.

– Vi snakkar med menneske i ulike kriser. Det er meiningsfullt å vere der for andre, både dei som har mista alt livsmot og berre vil døy, og dei som har tungt å bere i livet, uttalar Greta Sandanger Goksøyr.

Ho har vore frivillig i Kirkens SOS sidan 2011.

– Eg opplever at Kirkens SOS kan bidra til å gje innringarar og innskrivarar nokre lettare stunder i livet, og at det er eit behov for dette. Derfor vil eg halde fram som frivillig.