Dei siste vekene har det vore ein del diskusjonar om ÅRIM og om vi utfører den jobben selskapet var tiltenkt. Vi lever godt med ulike oppfattingar. Men vi vil likevel minne om kva som er ÅRIM si oppgåve og kven som har bestemt kva ÅRIM skal gjere.

ÅRIM vart stifta i 2009. Då gjekk tolv kommunar saman og etablerte eit miljøselskap. Ambisjonane og forventingane var høge. Eigarkommunane ville ha eit selskap som ikkje berre handterte renovasjonstenestene på ein effektiv måte.

I dag er dette ein bransje med høg grad av innovasjon.

Betre tenester

Eit grunnleggande krav frå eigarane våre var at kundane skulle få betre tenester.

Har ÅRIM oppfylt det kravet?

Vi har analysert målingar av korleis kundane opplever kvaliteten på tenestene vi leverer over fleire år.

Svara er ikkje til å misforstå. Kundetilfredsheita er høgare no enn før ÅRIM starta. Vi er difor trygge når vi svarer; Ja, ÅRIM innfrir dette kravet.

Matsortering viktigast

Korleis vil ÅRIM utnytte ressursane i avfallet betre?

Selskapet har lagt ein strategi som viser korleis vi kan gjenvinne meir av avfallet vi samlar inn. Det viktigaste grepet her var å innføre matsortering.

Før strategien vart vedteken gjennomførte vi ein omfattande prosess med høyringar i eigarkommunane, alle tolv kom med konstruktive uttaler.

Deretter gjekk saka til ÅRIM sitt representantskap, som er folkevalde frå kommunane. Representantskapet gjorde så sitt vedtak om korleis arbeidet skulle gjennomførast. Ein del av denne strategien var meir kjeldesortering.

Gjer oppdraget

Gjer ÅRIM det dei folkevalde har bestemt?

Svaret frå kommunane sitt eige kontrollorgan er heilt klart. Eigarkommunane kan ha tillit til miljøselskapet dei etablerte for åtte år sidan.

Utfordringar siste året

ÅRIM er ikkje eit selskap i stabilt sideleie. Vi får nye utfordringar kvar dag. I haust var det konkursen i RenoNorden som skapte ekstra utfordringar. Avfallsinnsamlinga for over 100.000 menneske stansa. Vi løyste det utan av kundane vart skadelidande ein einaste dag.

Noko av støyen den siste tida handlar om den nye kjeldesorteringa.

Giske syner veg

Innbyggarane i Giske kommune har starta opp – dei gjer ein flott jobb. Sjølvsagt er noko litt nytt og uvant, men vi ser at dette går seg til så snart folk har fått sett seg inn i det nye.

Rett over nyttår står Ørskog og Skodje for tur. Vi har stor tru på at innbyggarane i dei kommunane tek dette like godt som i Giske.

Vi som arbeider med dette kvar dag og samarbeider med folk frå heile landet, er trygge på at det vi no gjer er godt dokumentert og utprøvd.

Dei nye tiltaka gjer at kvar og ein får vere med på gjere ein større innsats for miljøet.

Ingeborg UkkelbergKommunikasjonssjef i ÅRIM

Ingeborg Ukkelberg, Årim. Foto: MILJØSELSKAPET ÅRIM