– Eg har skrive om båtar sidan på slutten av 70-talet. No har eg laga ei om 48 frakteskuter som var i bruk på Sunnmøre. Det var kanskje tre gonger så mange av dei, så eg måtte gjere eit utval, seier Johan Ottesen.

Han står med boka «Frakteskuter» i handa, gjeve ut på sitt eige forlag Fotoarkivet.

17 bøker

I alt er det kome ut 17 lokalhistoriske bøker på dette forlaget, 12 av dei handlar om båtar.

Ottesen har tidlegare skrive om mellom anna ishavsskuter, snurparar og fiskedampskip.

NEDISA Frakteskuta «Elin» fotografert sterkt nedisa. No ligg skuta på botnen utanfor Hjartåbygda i Volda.

No tek han for seg båtar som frakta alt frå is og sand og møblar, til trelast, salt og fisk mellom by og bygder.

– Eg har avgrensa det til å gjelde båtar opp til 160 fot, i perioden frå 1890 til 1965, forklarer Ottesen.

Nokre av skutene gjekk berre i lokalfart, andre gjekk langs heile kysten – medan enkelte også gjorde turar til utlandet.

For noen tiår siden: Les mer historisk stoff i Sunnmørsposten.

Tok slutt

På 60-talet var det omtrent slutt på dei mange frakteskutene. Då fekk alle bygdene veg, og det kom i staden varebilar, lastebilar og vogntog som overtok jobben.

– Eg har gått igjennom skipsregister, sjøforklaringar, vore i kontakt med tidlegare eigarar – og dessutan er det vel få som har saumfare fleire mikrofilmrullar med gamle aviser her på Sunnmøre enn meg, svarer Johan Ottesen.

Krevjande arbeid

Å følgje båtane på denne måten gjennom mange år har vore arbeidskrevjande, men også særs interessant.

Ottesen fortel om skuter som gjekk i all slags vêr langs kysten, ofte med reiaren sjølv bak roret.

ALLSIDIG Frakteskuta «Aalesund» vart bygd om til linebåt, og seinare reketrålar. Båten vart høgd opp på slutten av 80-talet.

Fleire av skutene forliste, andre heldt ut i fleire generasjonar. Ein del av skutene vart selde til utlandet. Nokre var restaurerte, andre vart hogde opp.

Kvar av dei 48 båtane i boka er gjeve att, anten på fotografi, måleri eller teikning.

Og foto er noko som Johan Ottesen har greie på, og har mange av.