Overfallet i Volda:

Ein mann er varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøksforbod

Mannen som vart sikta for grov kroppskrenking etter overfallet på ei ung kvinne i Volda natt til søndag 3. desember er varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøksforbod, skriv politiet i ei pressemelding.

Det skal vere i ein hybel i Halkjelsgata i Volda ei kvinne vart skadd natt til søndag. Ein mann er sikta etter hendinga.  Foto: Knut Arne Aarset

Nyheter

Mannen vart pågripen tysdag kveld 5. desember og vart framstilt  i tingretten torsdag 7. desember.

Ifølgje ei pressemeldinga frå Møre og Romsdal politidistrikt har dei ikkje fått lest kjenninga til tingretten torsdag kveld. Dermed vil dei ikkje kommentere noko ytterlegare rundt saka no.

– Av etterforskingsmessige omsyn går vi heller ikkje inn på detaljar i saka no. Vi er i ein tidleg fase der går for seg blant anna avhøyr av vitne, seier politiadvokat Cathrin Remøy i Møre og Romsdal politidistrikt i pressemeldinga.

Til Nrk seier mannens forsvarer, Torgeir Langva, at mannen ikkje vedgår straffskyld.


Mann sikta etter overfallet i Volda

Ein mann i slutten av 20-åra er pågripen og sikta for grov kroppskrenking etter overfallet på ei unge kvinne i Volda natt til søndag.