Krev millionar av naboar for å oppretthalde skule

Vågsøy kommune meiner det kostar fleire millionar kroner i året å halde Bryggja skule open til nabokommunane kan ta over i 2020, melder NRK.

BRYGGJA Skulen på Bryggja er bestemt nedlagt av politikarane i Vågsøy. Bygda blir frå 2020 ein del av nye Stad kommune, og Vågsøy krev fleire millionar kroner av nabokommunane for å oppretthalde skulen til den tid.  Foto: ARKIV

Nyheter

Vågsøy kommune har vedteke å legge ned Bryggja skule, men folk på Bryggja håpar at Selje og Eid kan spleise på å berge skulen. Bryggja blir ein del av nye Stad kommune, saman med Eid og Selje, frå 2020.

Ifølgje NRK Sogn og Fjordane krev Vågsøy fire millionar kroner i året for å oppretthalde skulen fram til grensejusteringa er gjennomført.

Storleiken på kravet vekkjer sterke reaksjonar på Bryggja:

– Eg oppfattar det som rein sabotasje. Det betyr i klartekst at Vågsøy kommune tek seg betalt. Det er skammeleg, og ein rein hemn mot innbyggarane på Bryggja, seier Hogne Bleie til NRK.

Bleie bur sjølv på Bryggja og representerer Frp i kommunestyret i Vågsøy. Han seier til NRK at innsparinga ved å legge ned skulen var rekna til å vere mellom ein og to millionar kroner.

Ordførar Alfred Bjørlo (V) i Eid seier dei har fått beskjed om at nedlegginga står fast. Dei spurde Vågsøy om pris og fekk beskjed om mellom fem og seks millionar kroner per år. Å finne så mykje pengar er ifølgje Bjørlo i praksis heilt urealistisk.


Reagerer kraftig på nettsjikane av ordførar

Fleire i lokalsamfunnet – og no familien – til Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad (Ap) refsar korleis ho har vorte behandla i sosiale medium.

 


Legg ned to grendaskuler i Vågsøy

Kommunestyret i Vågsøy vedtok torsdag å legge ned skulane i Holvik og på Bryggja.