Dette er den nyaste analysen frå den nye hovdingen for ny heraldikk i nye Ålesund kommune, den nye Haram-ordføraren Vebjørn Krogsæter. Han leier ei nemnd for kommunevåpen, valt ut av den 25 personar store fellesnemnda for samanslåing til nye Ålesund.

Vebjørn Krogsæter er optimist og har god tru på at nemnda skal lukkast med å finne eit godt og samlande framlegg til nytt kommunevåpen. Men han vedgår at der også kan vere skjer i sjøen, når fem kommunar skal bli til éin ny og endå større. Eit symbolsk skjer.

– Korleis kan ein bli samde om noko samlande – alle fem kan jo ikkje få med sitt symbol?

– Nei, det vil nok vere uråd. Det mest samlande eg kan kome på for desse fem kommunane er ein brei horisont mot havet. Men det seier seg nesten sjølv at ein brei horisont i form av ein lang strek ikkje eignar seg på eit vertikalt våpenskjold, humrar den heraldiske nemndshovdingen.

Ny lovtekst i vente

Vebjørn Krogsæter legg to lovtekster til grunn for nemnda sitt arbeid: Den gamle, som er forholdsvis streng og firkanta. Så er det varsla ein heilt ny lovtekst i høve alle samanslåingane, med vesentleg friare tøylar. Krogsæter hallar alt no mest til å ta ny lov i bruk.

– Eg håper alt no at vi kan nytte dette historiske høvet til å sjå meir framover enn bakover.

– Ser vi bakover, så er jo vikingskip og tradisjonsbåtar eit opplagt felles symbol vi kunne einast om. Ser ein på notida, så kunne det kanskje vere oljeskip med x-baug. Ser ein derimot framover, så endar ein fort på noko som har med hashtag eller liknande symbol å gjere, vurderer Krogsæter. På same tid ser han at ei lang rekkje kystkommunar har både sjø og båt i kommunevåpena sine. Han trur den finst gode alternativ, ved å tenkje 50 år fram i tid.

– Flott med engasjement

– Kva synest du om at ein 91-åring i Florø, båteksperten Saxe Bjørkedal, har kome med innstendige innspel i saka?

– Jau, det synest eg er flott! Eg registrerer også at folk i andre enden av aldersskalaen, elevane ved ein barneskule i Ålesund, har engasjert seg sterkt i temaet. – På den andre sida, eg trur nok at du vil kunne setje svært mange unge fast, dersom du ber dei skildre kommunevåpenet i kommunen dei bur i. Såpass ulike er vi, ser Krogsæter.

Tilfellet Volda

Han nemner kommunevåpnet til Volda, ein pennesplitt som kunnskapssymbol for skulebygda, som døme.

– Kor mange tolvåringar i dag veit noko som helst om kva ein pennesplitt er eller vart brukt til. – Og for å ta det nye fellessymbolet for Volda og Hornindal, to ljåblad kring pennesplitten, kor mange ungdommar anar i det heile kva ein ljå er for noko, spør Krogsæter retorisk. Han hugsar også den spesielle kommunevåpendebatten som oppstod i Volda då pennesplitten vart innført.

– Fleire politikarar hevda dei fekk assosiasjonar til kvinnekroppen framfor pennesplitten, og var skeptiske. Men, det er nok grunn til å tru at ein ungdom av i dag veit meir om kvinnekroppen enn om pennesplitten, analyserer Krogsæter lakonisk. Under alle omstende har han tru på ein kjekk og konstruktiv prosess, fram til framlegg om nytt kommunevåpen for nye Ålesund kan leggjast fram utpå vårparten 2018.

Volda kommune skal slå seg i lag med Hornindal kommune. Sidan dei er berre to partar, enda dei opp med å velje hovudelementa frå kvart sitt tidlegare kommunevåpen, pennesplitt for skulebygda Volda og ljåblad for smedbygda i sør.