Det er slett ikkje sikkert at Sykkylven likevel vil bli ståande åleine. Kommunestyret har vedteke å ta opp att saka om kommunereform.

Det var etter ein interpellasjon frå Petter Lyshol (H) at det vart blåse nytt liv i spørsmålet om kommunesamanslåing.

Mot ei røyst

Med 28 mot ei røyst frå Arbeidarpartiet vedtok kommunestyret i Sykkylven tysdag kveld å ta opp att saka. Tidlegare har fleirtalet sagt nei til å slå seg saman med andre kommunar.

– Eg trur dei fleste no har innsett at det vil bli for dyrt for Sykkylven å stå åleine, seier Lyshol - tidlegare ordførar i Sykkylven.

Til Ålesund

Han har tidlegare gått inn for at Sykkylven burde slå seg saman med Ålesund, men først etter at forhandlingar med Ørskog, Stordal, Norddal og Stranda ikkje førte nokon veg.

– De hadde gjeve ein kommune på rundt 17.000 innbyggarar, seier han.

No vil ikkje Lyshol flagge noko standpunkt

– Eg vil no fortelje mine kontaktar i regjeringa at vi har gjort dette vedtaket før fristen går ut, legg Lyshol til.

Ulike tolkingar

Han meiner dette vedtaket i kommunestyret i Sykkylven tysdag kveld syner at vilja til å slå seg saman med andre er stor i kommunen. Men slik tolkar ikkje alle vedtaket.

Ordførar Odd Jostein Drotninghaug (Sp) er nemleg slett ikkje like bastant som sin forgjengar, sjølv om han røysta for framlegget om å ta opp att saka:

– Vedtaket var at ein skal ta opp att saka, ikkje at Sykkylven går inn for kommunesamanslåing, seier Drotinghaug, som tidlegare har røysta imot samanslåing med andre kommunar.