Det er Maskinentreprenørenes Forbund (MEF) som ønsker å premiere føretak som i særleg grad har utmerkt seg i sitt arbeid med oppfølging av lærlingar eller lærekandidatar.

Av 2050 medlemsbedrifter er Volda Maskin AS valt ut som ein av seks nominerte.

Har skjønt vitsen

– Volda Maskin har verkeleg skjønt vitsen med å ha lærlingar. For når dei har så mange lærlingar over så mange år, så bygger ein sin egen bedriftskultur, seier Espen Wicken, opplæringskonsulent i OKAB Møre og Romsdal.

Han har følgt opp lærlingane i Volda Maskin heilt sidan 2008. Gjennom hele denne perioden har bedrifta hatt godt over 10 prosent lærlingar.

Juryen som tek den vanskelege avgjersla består av representanter fra MEF, Opplæringskontoret for anleggs- og bergfagene (OKAB), og blir leia av kompetansesjef i MEF, Terje Eikevold.

Første gang

– Det er første gang Årets lærebedrift blir kåra under Arctic Entrepreneur, og eg håper at prisen kan bidra til å synleggjere det viktige utdanningsarbeidet som blir gjort av næringslivet kvar einaste dag. Vi ønsker at prisen skal inspirere og motivere bransjen til å halde fram den gode satsinga på lærlingar, seier Julie Brodtkorb, administrerande direktør i MEF.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen skal dele ut prisen.