Får etablere småkraftverk i Norddal

Rødøla kraftverk i Norddal har fått løyve fra NVE.

Valldal Rødøla kraftverk i Norddal har fått løyve frå NVE til å starte opp. Dei vil produsere straum tilsvarande bruken til 250 husstander. Her frå Valldal sentrum  Foto: Terje Engås

Nyheter

Norges vassdrags- og energiverk(NVE) seier ja til Rødøla kraftverk, men vender tommelen ned for søknadane frå til Dyrdøla, Fossheim og Myklebust kraftverk. Også desse tre ligg i Norddal kommune.

Rødøla kraftverk vil produsere om lag 5 GWh i eit middels år. Dette svarar til straumbruken til om lag 250 husstandar.

NVE skriv i si grunngjeving at søknadane er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av vasskraftverka. Særleg verknader på landskap har vore eit gjennomgåande viktig tema i NVEs vurdering av desse småkraftsakane i Norddal. Alle sakene som fekk avslag ligg i verna vassdrag; Dyrdøla, Fossheim (Norddalsvassdraget) og Myklebust kraftverk (Valldøla).

NVE meiner desse kraftverka strir imot vernegrunnlaget i vassdraga. Etter NVEs vurdering vil aktuelle tilpassingar ikkje vere tilstrekkelege for å få løyve til å byggje kraftverka som fekk avslag.

NVE meiner Rødøla kraftverk gjev små negative konsekvensar for ålmenne interesser, samstundes som det vil bidra til produksjon av fornybar energi.