Eit fellesframlegg frå Framstegspartiet, Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet til budsjett og økonomiplan for 2018-2018 vart vedteke mot ni røyster i Ulstein kommunestyre torsdag, skriv vikebladet.no

Der vart det også lagt inn eigedomsskatt.

Og sidan eigedomsskatten var lagt inn i fleirtalsbudsjettet var det i utgangspunktet meir som ein formalitet då kommunestyret i neste sak røysta over om det skulle innførast eigedomsskatt eller ikkje.

Høgre, Venstre og Jon-Åge Eidem frå Frp stemte mot innføringa av eigedomsskatten. Den vart vedteke med 16 mot ni røyster.