Oppdatering: Etter å ha vore i kontakt med 110-sentralen søndag morgon ser det ut til at det er same hending dei og politiet har twitra om, altså at ein av bilane, knytt til påkøyselen av hjort, har køyrt inn i ein brøytebil.

Ein hjort er påkøyrd i Liabygda seint laurdag kveld. Trafikkulykka involverer to personbilar og ein lastebil, ifølge Møre og Romsdal 110-sentral på Twitter.

Det er ikkje meldt om personskader, blir det opplyst i den første meldinga om ulykka klokka 23.00 laurdag.

Like etter melder politiet at ein bil har køyrt inn i ein parkert brøytebil ved nedkøyringa til Gravaneset. Det er heller ikkje her meldt om personskade, men det er glatt på staden, opplyser politiet.