Men så er det litt trist også. For når dei alltid og kvart einaste år skal «heim til jul», så må ein spørje seg om kvifor dei ikkje ønsker å bu heime?

Vel framme på Vigra, når barnebarn som seier «jeg» og ikkje «ej» spring i famnen til ei bestemor dei ikkje har sett på aldri så lenge, så spør ein seg igjen, kvifor bur dei ikkje berre her?

Svara er like mange som det er folk og familiar som har valt å ikkje bu på Sunnmøre, men der er nokre fellestrekk. Eitt av dei er arbeidsmarknaden. At den er for liten og for trong. Men «heime» er større enn du trur.

Berre innad i Ålesund-regionen med dei sju kommunane som utgjer samarbeidet Region Ålesund og som står bak Sjekk inn 2017, er det 18.000 pendlarreiser, til og frå, kvar einaste dag.

I tillegg kjem alle som pendlar for eksempel sørover til Hareid og Ulstein.

Rådmann i Ålesund Astrid Eidsvik.

Og dei fleste arbeidsreisene er korte – trass i at dei kryssar kommunegrensene og dermed kvalifiserer til å bli kalla pendling.

Set du passarspissen i ei rundkøyring på Moa og teiknar ein pendlesirkel rundt, så når du Vigra, Sjøholt, Brattvåg og Langevåg innan rundt ein halv times køyring.

Du kjem deg også både til Magerholm og over med ferja til Sykkylven.

Nokre stader kan du hamne i ei saktegåande kø i ettermiddagstrafikken.

Då kan du kanskje tenke på dei som har valt å pendle med hurtigbåten mellom Ålesund sentrum og Sandøy.

Dei får seg ein times arbeidstid på båten – eller ei middagskvild.

Store pendlarstraumar

Stor-Ålesund er eit lite land. I areal. Du når langt på ein halvtime. For ikkje å seie ein time. Og dermed opnar det seg store moglegheiter innanfor ein samansett arbeidsmarknad.

Det er det allereie mange som har oppdaga.

Frå Skodje, Sula, Ørskog og Giske pendlar over halvparten av dei som er i arbeid ut av kommunen på jobb.

Skodje merkar seg ut med størst både inn- og utpendling i fylket. 64,8 prosent av busette arbeidstakarar pendlar ut av kommunen, men det er også 46,8 prosent av dei som jobbar i Skodje som er busette andre stader i fylket.

I Møre og Romsdal fylkeskommune sin fylkesstatistikk står fast at Skodje er den kommunen i fylket som er tettast inkludert i ein regional arbeidsmarknad.

Ålesund er naturleg nok ein stor mottakar av folk som skal på jobb. Tett på 8.500 personar pendlar til Ålesund.

Det utgjer 30,2 prosent av dei sysselsette i kommunen. Kort sagt er kvar tredje person på arbeid i Ålesund ein innpendlar. Samtidig er det nesten 4.500 personar som pendlar ut av Ålesund.

Samansmelta region

Denne samansmelta regionen med fri flyt av arbeidskraft er det vi ønsker å vise fram under Sjekk inn 2017.

I fjor gjekk det første Sjekkinn-arrangementet av stabelen. Rundt 300 personar brukte nokre romjulstimar til å orientere seg om jobbmoglegheiter i Ålesundregionen.

Vi veit at nokre av desse møta førte til noko meir. Det var både folk som fekk seg jobb og nyttige kontaktar og nettverk som vart etablert. Og vi trur at nokre av møta også sådde ein spire som etter kvart vil vekse fram til ein jobb og eit liv på Sunnmøre.

Tilbakemeldingane var gode og jobbmessa gav resultat. Difor vert det i år eit nytt romjulstreff med jobbmesse. Sjekk inn 2016 sprengde Terminalen, så i år flyttar vi jobbmessa til Norsk Maritimt Kompetansesenter.

Der vil ei rekke bedrifter og yrke, frå revisjon til barnehage, reklame og bank, advokatar og ingeniørar og sjølvsagt offentlege etatar, delta.

Dei ønsker å kome i prat med nye tilflyttarar og sunnmøringar – både dei utflytta og dei «uflytta».

Målet er å knyte arbeids- og næringsliv til nye og moglege arbeidstakarar slik at Region Ålesund både på kort og lang sikt sikrar seg den kompetansen og arbeidskrafta som trengst.

Regional fritid

Då må vi også ta dei med på ein imaginær topptur med 360 graders utsikt og vise dei regionen. Peike utover terrenget og vise fram dei korte avstandane mellom ei perlerad av arbeidsplassar med behov for ei rekkje ulike arbeidstakarar.

Samtidig, når ein no står på denne imaginære fjelltoppen, kan ein vise dei at her er det kort veg frå der du bur til ulike kulturscener og idrettsarenaer, kjøpesenter og nisjebutikkar, alpelandskap og storhav.

Folk er ikkje regionale berre på jobb.

Og dei som bur utanom byane er mest regionale. Forskar i Møreforsking, Finn Ove Båtevik, seier i «Jakta på det regionale mennesket» at ein god del av hushalda utanfor byane bruker regionen både til arbeid, fritidsaktivitetar, kultur, handle sjeldanvarer eller få med seg eit restaurantbesøk. «Det er særleg som kultur- og handlependlarar dei regionale sidene av kvardagslivet blir synlege.

Det er festsida av kvardagslivet, det som ikkje skjer så ofte». Og også når det gjeld fritid og helg, så går pendlarstraumane alle vegar.

Dei som bur i bykjernen er regionale når det kjem til natur- og friluftsliv. Nokre reiser til byen for shopping, mat og kultur i helga. Andre reiser ut av byen på tur i naturen.

Uansett er det greitt å ha ei barnevakt i bakhand. Då, der på denne imaginære fjelltoppen, kan ein vise at det er kort veg til besteforeldre, familie og andre barnevakter.

Neste gong barnebarnet skal besøke bestemor kan det kanskje sleppe å ta fly til Vigra.

Forfattar av kronikken, Astrid Eidsvik, er rådmann i Ålesund kommune og leiar av styringsgruppa i Region Ålesund - eit samarbeidsprosjekt mellom kommunane Giske, Haram, Sandøy, Skodje, Sula, Ørskog og Ålesund.