Tilliten til politiet i Møre og Romsdal har auka dei siste to åra og dei aller fleste kjenner seg trygge. Men mange meiner politiet brukar lang tid før dei kjem.

Delen av befolkninga i Møre og Romsdal som har stor tillit til politiet, har auka dei siste to åra. Det viser resultata frå den årlege innbyggjarundersøkinga Ipsos har gjort på oppdrag for politiet.

I haust svara 84 prosent av dei spurte at dei hadde svært stor, eller ganske stor tillit til politiet.

Betydeleg høgre tillit

Før politidistrikta i fylket blei slått saman, svarte 89 prosent av dei spurte på Sunnmøre det same i 2014.

(svara frå 2014 og åra etter er ikkje direkte samaliknbare, fordi det vart innført eit ekstra nøytralt svaralternativ frå 2015. Undersøkinga sjølv peiker likevel på at den er utført slik at det er mogleg å følgje utvikling over tid, journ. anm.)

I åra etter gjekk tala ned til 78 prosent og 79 prosent i 2015 og 2016. Oppgangen i år blir rekna som betydeleg.

– Undersøkinga gjev ikkje noko forklaring på endringane, men når endringane er så store må det vere ein grunn til det. Eg trur at publikum har merka dei grepa vi har gjort i arbeidet med å gjennomføre kvalitetsreforma, seier politimeister Ingar Bøen i ei pressemelding frå politidistriktet.

Undersøkinga er utført frå 6. september til 9. oktober. Politimeisteren var nyleg i hardt ver på grunn av korleis han handsama oppfølginga av dødsulukka ved Tyskholmen i oktober.

Under snittet på responstid

Politiet i Møre og Romsdal opplever ikkje den same oppslutninga når det vert spurt om responstid.

Berre 55 prosent seier at dei er «heilt einig» eller «delvis einig» i påstanden «Politiet kjem raskt til staden ved behov for akutt hjelp». Her kjem distriktet dårlegare ut enn landsgjennomsnittet på 56 prosent.

– Dette er ikkje overraskande. Våre eigne målingar viser også at vi her har ein jobb å gjere. Det handlar først og fremst om geografi. Oslo toppar ikkje uventa denne oversikta, medan Nordland og Finnmark ligg på botn saman med Innlandet som femner om Hedmark og Oppland, kommenterer Bøen.

Samstundes scorar politidistriktet betre enn snittet i kor mange som svarar at dei oppfattar politiet som synlege og tilgjengelege.

Heile 96 av dei spurde i politidistriktet seier at dei er «svært trygge» eller «ganske trygge». Jamt over opplever folk at dei er trygge – både i her og i landet elles – og fleire no enn for to år sidan.

Heile 96 prosent av dei spurte i Møre og Romsdal politidistrikt kjenner seg «svært trygge» eller «ganske trygge». Foto: Illustrasjonsbilde: Staale Wattø