Klippfisknæringa har den siste tida samla seg om eit felles krav: Få torsken på bordet slik at det er mogleg å by på den. For stadig meir fisk blir selt utanfor den opne marknaden.

Til dømes Havfisk og Lerøy har hand om rundt 10 prosent av norsk torskekvote, i eit meir eller mindre lukka system.

Kan styre handelen

Her på Nordvestlandet skal Surofi likevel ha full oversikt over all handel. Dei har også anledning til å styre den. Adm.dir. Sveinung Flem i Surofi seier han er bekymra over utviklinga.

– Vi ønskjer å snu trenden. Vårt prinsipielle standpunkt er at vi trur det blir skapt mest verdiar dersom råstoffet blir selt i ein open marknad. Det kan vi prøve å få til på to måtar:

– Aktørane kan bli meir bevisst på at vi treng auksjonar for å få god prisstandard.

– Vi kan også regulere moglegheitene for å skrive kontraktar. Om dette er aktuelt kan eg ikkje svare på no, men vi har anledning til å gjere det. Det er ei fullmakt som følgjer av fiskesalslagslova. I tilfelle, vil vi gjere det i samarbeid med dei andre fiskesalslaga, seier Flem.

Dilemma

Politisk har det kome ønskjer om også å legge til rette for såkalla vertikal integrasjon, der fangstane blir selt på kontrakt direkte mellom reiar og kjøpar for å sikre leveransar. Dette har Surofi tatt omsyn til.

Etter Sunnmørspostens oppslag for ei veke sidan, har han vore i møte med klippfisknæringa og har eit ønskje om å kome dei i møte.

– Vi vil ha ein aktiv dialog med både kjøparsida og reiarsida, i håp om at mange vil dele det som er vår bekymring, at det å lukke råstoff inne ikkje er ei god løysing. Så får vi sjå kor det fører oss hen, seier Sveinung Flem.

Adm.dir. Sveinung Flem i Surofi har fullmakt til å styre meir fisk ut i den opne marknaden. I første omgang forsøker han å få dette til utan å bruke hard hand. Foto: tilsendt