– Tårene sit laust når vi kjem

Sunnmørsenglar kallar dei seg. No har den nystarta vennegruppa samla inn og delt ut gåver og julemat til 25 vanskelegstilte familiar.
Nyheter

– Det er mange som slit der ute. Å ha dårleg råd er tabu i seg sjølv, og ekstra vanskeleg å takle no i juletida. Tårene sit laust når vi kjem med jule- matkassene.

Det seier William Holden. Saman med sambuar Laila Kyrkjeøy og venene Sigurd Groven og Monica har han dei siste dagane pakka og køyrt ut kasser med julemat og gåver til familiar i Ålesund og fleire stader på Sunnmøre.

Butikkar i Ålesunds-området har gitt store mengder julemat og leiker. I Blindheim bedehus har Sunnmørsenglar pakka maten i kasser og fordelt den til ulike familiar.  Foto: William Holden

– Behovet for hjelp er stort. Det er mange som har trong økonomi grunna sjukdom, arbeidsløyse og andre årsaker, og difor ikkje har råd til å kjøpe noko ekstra til jul. Difor er det ei glede å kunne hjelpe nokre av desse familiane til ei betre jul, seier 50-åringen som sjølv er uføretrygda etter fire hjarteoperasjonar.

Starta aksjonen

Det er fjorten dagar sidan William Holden høyrde på radio om at talet på folk som treng hjelp til jul stig, og dermed starta opp facebook-aksjonen Sunnmørsenglar. Han tok kontakt med daglegvare- og leikebutikkar i Ålesunds- området, og i løpet av kort tid har det strøymt inn store mengder matvarer, leiker og pengar som har gått til å kjøpe inn pinnekjøtt til å legge i kvar matkasse.

– Slik får alle ein smak av jul, seier Holden som fortel at dei har fått inn så mykje mat at det fyller rundt 80 banankasser.

– Eg er storleg imponert over givargleda blant butikkane. Den har vore enorm. Kvar familie får tre kasser fulle med mat, og endå kunne vi ha delt ut mat og gåver til fleire familiar. Men då måtte vi har kome i gang tidlegare enn vi gjorde denne gongen.

– Korleis har de kome i kontakt med familiane som får tildelt julematkasser?

– Gjennom Facebook. Dei har meldt sitt behov, andre har vi spora opp via andre kanalar, forklarer William Holden.

Han fortel at matvarer Sunnmørsenglane ikkje har rukke å dele ut, er gitt vidare til Kalle som driv Suppebilen.

Leiker og andre gåver blir gitt til barneavdeling ved Ålesund sjukehus.