Rasfare gjer at fleire fylkesvegar i Stranda, Stryn, Eid og Hornindal er stengde laurdag morgon.

Opna i Geiranger

Vegen mellom Eidsdal og Geiranger blei stengd frå klokka 20.00 fredag kveld. Vegen opnar for trafikk klokka 10.00 laurdag, melder vegvesenet.

Gått ras i Norangsdalen

Fv. 655 Norangsdalen blei stengt frå klokka 18 fredag grunna skredfare på strekninga Ørsta-Tryggestad. Ny vurdering laurdag klokka 12.

– Det har gått ras i dalen og det er framleis fare for nye ras, skriv vegvesenet 10.30 laurdag. Vegen er stengd på ubestemt tid.

I Stryn blei vegane til Flo, Lodalen og Oldedalen stengde frå klokka 22.00. Også Strynefjellet er stengd på grunn av fare for ras.

Bygder var utan vegsamband

To bygder ved Hornindalsvatnet var utan vegsamband i natt: Navelsaker i Eid kommune og Otterdal i Hornindal kommune. Vegane er no opne for trafikk, melder vegvesenet laurdag.