(Vikebladet.no): - Heilt klart. Men vi har likevel mange båtar allereie som vi kan jobbe vidare med, og som vil vere moderne i mange år fram i tid, seier adminsitrerande direktør i Island Offshore, Håvard Ulstein, til Vikebladet Vestposten.

Han fortel at det var som følgje av tette samtalar mellom Island Offshore og verftet Kawasaki Heavy Industries Ltd i Japan at dei saman kom fram til at dette var det beste valet.

- Dette var ein båt som blei kontrahert i ei anna tid. Med dei utfordringane som har blitt i bransjen siste åra, så er det kanskje like greitt at det gjekk slik. Det er sjølvsagt litt trist, for denne båten veit vi hadde blitt veldig bra, seier Ulstein.

Trur på betre tider

Som framleis trur hardnakka på at marknaden kjem tilbake.

- På sikt trur eg dette vil bli bra igjen. Årsaken til at kontrakten blei avslutta hadde mykje med at verftet i Japan hadde utfordringar knytt til prosjektet, og at dei difor ville ut av den. Det respekterer vi sjølvsagt, og då blei det slik.

På spørsmål om Ulstein ser føre seg at denne båten kan byggast i framtida, svarer han dette:

- Denne båten blir ikkje bygd nokon anna plass til noko anna tid. No kjennest dette som sagt som ei bør som har letta frå skuldrane våre, og det er i grunnen heilt greitt, seier Håvard Ulstein til slutt.

Denne saka blei først publisert av vikebladet.no.