Torsdag klokka 12.10 blei det gjort funn av ein død mannsperson ved ein holme like sør for Nautøya i Herøy. Klokka 14.08 bekreftar politiet at det er den sakna 18-åringen som er funnen omkomen.

I fleire dagar har det pågått ein stor leiteaksjon etter 18-åringen som forsvann i Herøy natt til lillejulaftan. Natt til julaftan starta søket etter 18-åringen etter at han blei meldt sakna. Frå 1. juledag har mellom 50 og 60 frivillige i Røde Kors deltatt i søket og 2. juledag var det så mykje som 100 menneske med på leitinga.

Tirsdag kveld bestemte politiet at søket skulle avsluttast.

– Generelt kan eg seie at søket er avslutta med bakgrunn i at vi har søkt mange gongar og dagar, og vi kan ikkje gjere jobben beitre enn det vi har gjort, sa operasjonsleiar Jon Bratland til smp.no tysdag kveld. Onsdag dreiv politiet taktisk etterforskning gjennom avhøyr og analyse av inkomne tips.

Lokallaga til Røde Kors Vola, sørøyene, Vanylven, Ålesund, Ørsta, Langevåg, Spjelkavik, Vatne og Tennfjord, Sykkylven og Stranda og Eid har vore med i leitinga.

– Vi har stort sett vore mellom 50 og 60 personar frå Røde Kors som har vore ute og leita kvar dag. Eg synast det er flott at så mange stiller opp sjølv om det er jul, sa vakthavande i Røde Kors Møre og Romsdal, Daniel Botnvik tysdag.

Store ressursar

I tillegg til styrkar frå politiet og frivillige frå Røde Kors, har Norske Redningshundar, Heimevernet og Ålesund brannvesen vore med i søket. Helikopter har blitt brukt for å søke frå lufta.

Onsdag var det ein rekke møter både i politidistriktet og eksternt i politiet i tilknytning til leiteaksjonen, og det blei bestemt at søket skulle startas igjen torsdag.

– Vi må også vere opne for at vi kan stå overfor ei sak som har enda på det mest tragiske viset. Derfor vil vi torsdag gjennomføre strandsøk i området på og ved Moldtustranda og søk med fjernstyrt undervassfarty med videokamera i sjøen mellom anna i Moltuvika, fortalde konstituert politimeister Ingmar Farstad i Møre og Romsdal politidistrikt onsdag kveld.

Frivillige i båtar og frå den lokale kajakk-klubben, samt Røde Kors-mannskap deltok i søket torsdag. Det var frivillige båtar som søkte langs holmane som fann den omkomne.

Konstituert politimeister Ingmar Farstad i Møre og Romsdal politidistrikt er takksam over alle dei frivillige som har delteke.

– Politiet er svært takksame for den store innsatsen frå alle som har involverte i leitinga.  Ei spesiell takk til dei mange frivillige som har delteke, seier han i ei pressemelding.