– Vi skal tenke oss godt om kva vi gjer vidare, seier Øyvind Grimstad Gryt til Sunnmørsposten.

Etter fire år var bryggeriet på Hareid konkurs. For ein månad sidan overleverte dei firmaet til skifteretten. Gryt fortel at dei ikkje har konkrete planar om å starte opp att, og at dei to gründerane heller ikkje har tidlegare erfaring med å gå konkurs.

– Vi har lagt ned særs mykje ulønt arbeid i dette. Det er vanskeleg å gje slepp på bryggeriet. Vi er i tenkeboksen, seier Gryt til Sunnmørsposten. Aller først er det uansett skiftesamling i Sunnmøre tingrett sist i januar. For å beskytte merkevara, endra dei namnet på selskapet før konkursen.

Så langt Sunnmørsposten forstår, held dei andre bryggeria på Nordvestlandet koken.

Mange brygger øl på dugnad

På Baatbryggeriet på Vestnes syns Einar Helge Brennvik det er trist at Grim & Gryt måtte gje seg. 2017 var det første heile driftsåret for det relativt nystarta bryggeriet.

– Vi går økonomisk i balanse. Og vi har kapasitet til å produsere mykje meir enn det vi leverte i fjor, som var 35.000 liter, seier Brennvik.

Som fleire andre små bryggeri tar dei ikkje ut løn.

– Vi håper at vi kan byrje med å ta ut løn i løpet av dette året, seier Brennvik. Han samanliknar med Sverige og Danmark, og trur at dei små bryggeria på sikt kan doble sin marknadsandel. Derfor er han optimistisk.

Optimist er også Frank Maråk ved Geiranger Bryggeri. Etter tre år er bryggeriet framleis i vekst. Han fortel at salet i fjor auka frå 33.000 til 44.000 liter. Ein tredel av dette blir selt i Geiranger i turistsesongen.

– Vi nyttar overskotet til nødvendige investeringar før vi byrjar å løne arbeidet vårt. Vi har også private lån til firmaet, som vi planlegg å betale ut i løpet av dette året, seier Maråk.

I Norddal held Tonga Gardsbryggeri til. Dei starta opp for fire år sidan. I fjor var det til og med rom for litt lønsutgifter, fortel dagleg leiar Synnøve Bjørnstad.

– Vi synest det går bra. Vi er opptatt av å ikkje vekse fortare enn at vi greier å henge med sjølve, for å sikre kvaliteten i alle ledd. Det er mange aktørar på marknaden. Vi forsøker å skunde oss langsamt, seier ho.

– Sel seg ikkje sjølv lenger

Størst på Sunnmøre er Trollbryggeriet i Liabygda, med oppstart i 2009. Sidan då er marknaden heilt forandra. Det er etablert sikkert 100 nye små bryggeri rundt om i landet. Samtidig har dei store bryggeria kome på banen med ulike typar spesialøl for å møte konkurransen.

Trollbryggeriet har likevel investert i nytt bryggeri med større kapasitet, og dei har bygd selskapslokale. I motsetning til mange andre har dei også tatt ut løn omtrent sidan oppstarten. At konkurransen er skjerpa merkar dei godt.

– Vår viktigaste marknad er Austlandsområdet. Men det sel seg ikkje sjølv lenger. Vi må ut og kjempe. I år skal vi setje støyten inn på sal, seier dagleg leiar Jørund Ringset.

Han vart ikkje overraska over at fleire småbryggeri rundt om i landet gjekk konkurs i fjor.

– Men så lenge det finst optimistar, vil det alltids vere nye som prøver seg, seier Ringset.

Økobrygg: For mindre enn to år sidan fekk Øyvind Grimstad Gryt (t.v.) og Andreas Grimstad diplom og premie frå Det Norske Måltid for ein av deira ølsortar. I desember leverte dei firmaet til skifteretten. Arkivfoto: Knut Arne Aarset Foto: Knut Arne Aarset