Butikkane i Vanylven stengde klokka 20, og to menn frå Vanylven bestemte seg for å køyre til Bryggja i Vågsøy for å kjøpe godteri.

Der var butikken open til klokka 22, men vel 20 minutt før stengetid, blei det brått slutt på køyreturen.

Fengsel i 18 dagar

Her på fylkesveg 61 mellom Åheim og Bryggja hadde UP fartskontroll og stoppa sjåføren i 20-åra etter ei måling som viste 147 km/t. Mannen blei fråteken førarkortet på staden. Etter fråtrekk for sikkerheitsmargin, blei han tiltalt for å ha køyrt i 142 km/t.

Sogn og Fjordane tingrett har funne mannen skuldig etter tiltalen og har dømt han til fengsel i 18 dagar. Dei finn ingen formildande omstende. Tvert imot er det skjerpande at sjåføren hadde passasjer i bilen.

Mannen er også frådømd førarkortet i 13 månader og må ta full ny førarprøve for å få det tilbake.

Telehiv og grantre

Sjølv nektar mannen for at han køyrde så fort som målinga viser. Han såg ikkje på speedometeret, men meiner han kan ha køyrt i 100 til 110 km/t.

Forsvararen har trekt fram at målinga kan ha blitt forstyrra av telehiv i vegen og ved at laseren var plassert mellom to grantre, men dette blir avvist av politiet som ikkje fekk noko feilmelding på måleutstyret.