Dette tordnar Arne Torvik (68), framleis fullt yrkesaktiv maskinist om bord på ferja mellom Lauvstad og Volda – og omvendt. Maskinisten er vanlegvis ikkje så ofte å sjå på dekk.

No har taksten gått opp frå 115 kroner til 135 kroner per tur med bil, utan rabattkort.

– Men eg har vore der rikeleg nok til at eg har fått med meg den enorme misnøya som no råder mellom passasjerane. Her er ikkje ein einaste eg har snakka med siste dagane, som ikkje er både uforståande og grenselaust kritiske til at sambandet mange av dei er avhengig av dagleg no får eit såpass stort prishopp, seier Torvik.

Maskinisten som ropar varsku

At han sjølv jobbar på ferja ser han ikkje som noko hinder i å ta bladet frå munnen – og seie frå så det held.

– Men du er sjølv kommunepolitikar, og veit at det må pengar til for å få budsjett i balanse?

– Jau visst, det veit eg det meste om. Og eg har jo fått med meg at Møre og Romsdal fylkeskommune er meir eller mindre bankerott.

– Men det må uansett vere måte på skeivfordeling og ekstrabelastningar for nokre få, for å berge dei mange, insisterer Torvik. Han må også sjå at i grannesambandet som Lauvstadferja deler kai med, Volda – Folkestad, er taksten som før. Det skal vere fordi dette er eit riksvegsamband, medan dei to sambanda som er råka av prisbykset på Sunnmøre er fylkesvegsamband og dermed fylkeskommunen sitt ansvar. I tillegg til Lauvstad-sambandet, gjeld dette også Åram – Koparnes. I vegterminologien vert desse kalla for bruttosamband, som det er seks av i Møre og Romsdal. Omgrepet går på om det er reiarlaget eller oppdragsgjevaren direkte som får billettinntektene.

– Må betale for andre

Arne Torvik er altså leiar i grendelaget på vestsida av Voldsfjorden. Han har opplysningar om at den ekstra ferjebillettprisen mellom anna går til å finansiere ei ekstra ferje i sambandet Stranda – Liabygda.

– Viss dette er tilfelle, kjennest det heile ekstra tungt og skeivt. Ein prisauke vil generelt sett kjennast mykje lettare å bere dersom ein føler ein får noko ekstra att, som til dømes nattferje, auka rutefrekvens eller kva som helst.

– I vårt tilfelle har vi alt lenge betalt for ein takstsone høgare enn det som er reelt i sambandet, hevdar Arne Torvik. Han meiner det er heilt reell fare for både aktiviteten i næringslivet og for busetnadsviljen når det vert så dyrt å ta ferja.

Folk som flyttar

– Eg har fleire konkrete døme på unge familiar som har valt å flytte frå området grunna uro kring ferja og framtida.

– Sambandet både her og for Åram – Koparnes har forholdsvis lite gjennomgangstrafikk, og må dermed i hovudsak haldast oppe av lokale innbyggjarar. Dette kjennest ikkje godt, seier Arne Torvik. Han er klar over at det ikkje utan vidare er mogleg å oppheve vedtaket i samferdsleutvalet i fylket når det gjeld takstar, men han meiner der må finnast grep.

– Vi krev at saka vert sett på vent til neste møte i utvalet, slik at saka kan skikkeleg gjennomlysast frå alle vinklar, seier Arne Torvik. Han har med seg også grendelaga på Rovde og Dravlaus/Innselset i eit protestskriv til fylkeskommunen.

Arne Torvik ser elles at auka miljøavgifter er ein del av grunnlaget for takstauken. Det stiller han seg ekstra kritisk til.

– Kva slags miljø betaler vi for?

I alle fall ikkje for nærmiljøet, som er i større fare enn noko anna miljø.

– Nei, som sjømann må eg dessverre seie at eg har mista trua på ferjedrift. No er det ikkje anna å satse på enn brusamband. I mellomtida vonar eg nokon i fylkeskommunen tek til vit i denne saka, seier Torvik. Sunnmørsposten fekk ikkje folk frå samferdsleutvalet i tale om saka i går.

Debatt: Leiar i samferdslekomiteen på fylkestinget Kristin Sørheim (Sp) og medlem Frank Sve (Frp) er mellom dei som sit med nøkkelen til fordelinga av takstar og ferjemidlar i Møre og Romsdal fylke. Arkivfoto: Geir Strand. Foto: Geir H. Strand
Lauvstadferja: Ferja mellom Lauvstad og Volda har frå før hatt ei høg takstsone i høve til distansen ho siglar. No har taksten gått opp frå 115 kroner til 135 kroner per tur med bil, utan rabattkort. Arkivfoto: Knut Arne Aarset. Foto: Knut Arne Aarset