Statsadvokaten har teke ut tiltale for fleire forhold mot ein mann i 40-åra frå søre Sunnmøre.

Ifølgje tiltalen skal mannen ein ettermiddag i sommar ha slått, sparka og dytta sambuaren sin. Han skal også ha teke kvelartak på henne, samt rive av henne kleda. Kvinna skal ha fått fleire merke på kroppen, og ho mista også medvitet ei stund som følgje av valden.

Rømde ut verandadøra

Den tiltalte mannen skal så ha prøvd å stenge kvinna inne i stova, saman med seg. Ifølgje tiltalen låste han døra til gangen og skulle tape kvinna fast med gaffatape. Dette lukkast han ikkje med, då kvinna klarte å rømme ut verandadøra.

Då politiet kom til staden skal mannen ha skubba til den eine betjenten. Ifølgje tiltalen tok han tak rundt hals/nakke på ein annan politibetjent, slik at ho ikkje kom seg laus.

– Køyrde i 140 til 160 km/t

Eit par dagar før dette hende skal mannen ifølgje tiltalen også ha råkøyrt i Hovdebakkane, mellom Ørsta sentrum og Hovdebygda.

Politiet meiner han køyrde i mellom 140 og 160 km/t.

Tiltalen omfattar også ein køyretur nokre dagar etterpå. Då var han ifølgje tiltalen ilagt køyreforbod og skal ha køyrt utan førarkort.

Rettssaka kjem opp for Søre Sunnmøre tingrett seinare i januar, og det er sett av tre dagar til saka.

Ifølgje Møre-Nytt har den tiltalte vore varetektsfengsla sidan 3. august i fjor.