– Dette er verdas første ordinære anbod om nullutsleppsferje. MF Gloppefjord er ei ferje som går inn på Anda - Lote på kontrakt i 10 år gjeldande frå 1. januar i år. Nullutsleppsferje har vi frå før i Norge, gjennom utviklingsprosjekt, men dette er første på ordinært anbod. Allereie i utlysinga var det krav om nullutslepp frå dag éin, fortel driftsdirektør André Høyset.

To el-ferjer på sambandet

MF Eidsfjord er eit identisk søsterskip med plass til 220 bilar, som også skal inn på Anda - Lote. Den ligg ved kysten av Portugal og ventar på betre vêr.

– Ferjene er bygd som hybrid, men dei skal gå på elektrisitet og vanleg konvensjonell motorkapasitet skal kun vere backup. Det blir ladestasjon på begge kaiene, og ferjene skal lade ved kvart landligge.

Om det skulle bli straumbrot eller problem på eine sida fortel Høyset at dei konkret kan gå i 12 timar med nullutslepp, utan lading i tre timar.

– Vi har allereie ein plan for å skaffe 19 ferjer som er bygd på same mal med hybrid. Dei går på straum, men har backup i form av motor ved bruk av biodiesel.

Ifølgje driftsdirektøren blir det nesten ikkje nox-utslepp og det blir ein reduksjon på 90 prosent når det gjeld Co2.

– Elektrisitet er framtida

– Det er i prinsippet to heilt reine ferjer som kjem på Anda - Lote, seier Høyset og kallar dei nye anboda om nullutslepp for ein revolusjon i næringa i norsk samanheng.

Fjord1 har fått ansvaret for 11 ferjesamband i Hordaland dei siste to åra. Her det skal inn el-ferjer innan 2020.

– Vi veit at det har kome nytt anbod på Molde - Vestnes med skjerpa miljøkrav, og på Sykkylven - Magerholm og Hareid - Sulesund blir det etter same mal som på Anda - Lote, fortel Høyset.

– Ein har teke Stortinget sitt vedtak for tre årsidan om anskaffelsar med krav om nullutslepp bokstaveleg. Alle anbod har skjerpa miljøkrav i forhold til tidlegare kontraktar, held han fram.

Politisk spørsmål

Driftsdirektøren meiner det er eit politisk spørsmål å diskutere om framtida er el-ferjer eller bru og undersjøiske tunnelar.

– Vi kan stille opp med auka kapasitet på ferjesambanda som sørgjer for ein meir forutsigbar struktur med tanke på reisetid, seier han.

Tidleg i neste veke startar Fjord1 testinga av MF Gloppefjord på Anda - Lote, og ambisjonen er at den og Eidsfjord skal inn i drift i løpet av januar.