Årim har hatt stor pågang frå folk i Giske som har spørsmål om sortering, plassering av bossdunkar og samarbeids- løysingar. Det fortel dagleg leiar Øystein Solevåg.

Snart får også husstandane i Skodje og Ørskog fire boss-dunkar å halde styr på: Matavfall, glas og metall, papir og restavfall.

Kva er erfaringane frå Giske, som var «prøvekommune»?

– Vi planlegg ei kundeundersøking i Giske no i januar. Målet er å lære av erfaringane folk har gjort seg. Dette vil vi bruke når vi set i gong i dei andre kommunane, seier Ingeborg Ukkelberg i Årim.

Dobbelt så mange i Giske har no felles bossdunk med ein eller fleire naboar. Nesten kvar tiande husstand i Giske har valt ei slik fellesløysing.

– Dette kan vere deling av ordinære renovasjonsdunkar, eller det kan vere spesielle konteinarar som på Ytterland på Valderøya, opplyser Øystein Solevåg.

Rabattar

Kvar kommune bestemmer dette sjølv, men deling av bossdunk gir vanlegvis rundt 25 prosent avslag på renovasjonsavgifta. Rabatt blir det også for den som komposterer matavfallet heime. Her har Skodje tatt godt i: Avgifta blir meir enn halvert for den som har godkjent heimekompost av matavfallet, etter benkeforslag frå Venstre og KrF.

Minst avslag for heimekompost er det i Ørskog, Stordal, Sykkylven, Vestnes og Sandøy – her er det berre nokre hundrelappar i rabatt, ifølgje ferske tal frå Årim.

Til Lillehammer

Så langt skal det vere samla inn 38 tonn matavfall i Giske. Dette er sendt til eit biogassanlegg i Sverige saman med matavfall frå Romsdal.

– Når volumet er stort nok, truleg i mars-april, skal vi sende matavfallet til Mjøsanlegget ved Lillehammer, seier Solevåg.