Helse Møre og Romsdal

Fagmiljøa i Volda er uroa – fryktar nedbygging av sjukehuset

Gir klar tilbakemelding i utviklingsplanen for Helse Møre og Romsdal for perioden 2019-2022.

Plassmangel Avdelingsleiar Mona Ryste på medisinsk avdeling peikar på at 31 år er gått utan investering i meir areal for somatikken i Volda   Foto: Knut Arne Aarset

Nyheter

I tilbakemeldingane som er sendt til leiinga i Helse Møre og Romsdal kjem det fram sterk uro for kva Volda sjukehus blir til i framtida, og ei uro for manglande ambisjonar for sjukehuset.