Tingretten har godteke politiet sitt krav om forlenga fengsling i fire veker for ein mann i slutten av 20-åra som er sikta for å ha overfalle ei 20 år gammal kvinne i bustaden hennar i Volda. Det melder Møre og Romsdal politidistrikt i ei pressemelding.

Overfallet skjedde i ei laurdagsnatt i starten av desember og mannen vart pågripen av politiet etter nokre døgn med intensiv etterforskning.

Ikkje brev- og besøksforbod

Mannen vart i første omgang varetekstfengsla for fire veker. Den gong fekk han brev- og besøksforbod, men politiet kravde ikkje slike restriksjonar denne gongen, ifølgje kjennelsen frå Sunnmøre tingrett.

Retten meiner det ikkje er haldepunkt for svekka mistanke mot mannen. Han må rekne med ei lengre fengselsstraff dersom han blir dømd.

Det er også lagt vekt på den sikta si avgrensa tilknyting til Norge. Retten meiner det er moment som gir grunn til å frykte at den sikta vil prøve å unngå straffeforfølging.

Når retten finn grunn til å forlenge fengslinga er det også lagt vekt på alvoret i saka.

Har anka til lagmannsretten

Forsvararen til mannen meiner meldeplikt for politiet ville vere betre enn varetektsfengsling, men retten meiner forholdet er for alvorleg til at dette er eit eigna tvangsmiddel.

Den sikta har anka kjennelsen til lagmannsretten, ifølgje Sunnmøre tingrett.

Snart ferdig etterforska

Politiadvokat Magne Kvalvik i Møre og Romsdal politidistrikt seier i pressemeldinga at etterforskinga no er i sluttfasen.

– Vi har  gjennomført ei rekke vitneavhøyr, og ventar no på analysesvar av spor som kriminalteknikarane har sikra og vi håpar at etterforskinga skal vere avslutta i løpet denne varetekstperioden, seier politiadvokat Kvalvik i pressemeldinga.