Maurstad seier til Fjordenes Tidende at ho ikkje trur der er noko alvorleg, men at ho må på sjukehus for utgreiing denne veka.

Ho utelukkar ikkje at stress kan vere utløysande årsak til plagene.

Tysdag blir det arrangert folkemøte om nye Kinn kommune i Parken Kulturhus på Raudeberg. Ifølge NRK Sogn og Fjordane er det venta høg temperatur på møtet etter at 1501 personar har underteikna eit krav om folkerøysting.

I november blei Maurstad utsett for sjikane og ryktespreiing på nett.