Haram:

Trafikkuhell i Brattvåg

En bil hamna på taket etter eit trafikkuhell ved Brattholmneset i Brattvåg.
 
Nyheter

Det melder Møre og Romsdal politidistrikt på Twitter klokka 12.58.

Møre og Romsdal 110-sentral melder at Haram brannvesen er på staden.

- Brannbefal melder om kontroll på situasjonen. Alle ute av bilen, skriv dei på Twitter.

- Ingen skade på personar, melder politiet klokka 13.40.

Det blir ikkje oppretta sak på hendinga.