(vikebladet.no) Steffenssen, som er einingsleiar for kommunalteknikk og VAR i Hareid kommune stadfestar at det einaste kriteriet tilbydarane skulle vektast på var beredskap og timepris. Grunnen til det er at det historisk sett har vore særs vanskeleg for kommunen å få tilbydarar til å kome med tilbod på vinterdrift. Til trass for utlysinga i lokalavis har kommunen likevel måtte gå til aktuelle personar som eig maskiner og spurt om dei kunne hjelpe kommunen med vinterdrift av kommunale vegar. Ofte utan hell.

– Dette er første gongen me har hatt reell konkurranse på rodene. Når Hareid kommune har vore i ein slik posisjon var det ikkje sett andre tildelingskrav enn pris. Det er likevel gjort klart både i konkurransegrunnlag og i kontrakt at Hareid kommune skal ha rett til å godkjenne tilboden utstyr, svarer Steffensen.

Prioriterte liv og helse framfor pris

– Er det rett at tilbydarar ikkje har vore kalla inn til møte? Kvifor?

– Det er korrekt at tilbydarane ikkje vart kalla inn til møte. Grunnen til dette var tidsnaud. Grunna vakanse i ulike stillingar og derav manglande ressursar, vart ikkje konkurransen om vinterdrift lyst ut før medio oktober. Beredskapssesongen for vinterdrift startar 15. november. Det er heilt sentralt for beredskapen til mellom anna brann, ambulanse, heimehjelp, vassproduksjon osb. at ein har personell som kan vinterdrift på dei kommunale vegane, seier Steffensen.

Ved oppstart av beredskapsperioden stod dei utan mannskap på 4 av 7 roder. Ei av desse rodene omfatta også sjukeheimen. Det at kommunen fekk på plass naudsynt beredskap for å trygge liv og helse vart vurdert til å vege tyngre enn gjennomføring av dialog om pris, argumenterer einingsleiaren, og viser til at lov om offentlege anskaffingar har unntak kva gjeld situasjonar kor det gjeld beredskap.

– Ingen skjønnsvurderingar

– Vart det reflektert over at ein av tilbydarane også er ordførar i kommunen?

– Ein av tilbydarane var Olebuda Eigedom AS. Denne juridiske personen er eigd av ordførar i Hareid kommune. Som følgje av dette var all kommunikasjon mellom Hareid kommune og Olebuda Eigedom As gjennomført via e-post slik at prosessen skal vere etterprøvbar. Som nemnd var det berre timepris og beredskapspris som var tildelingskriterium. Dette er objektive kriterium. Det var ingen skjønnsvurderingar involvert i tildelingsprosessen som kunne bidra til å endre utfallet av konkurransen, svarer Steffenssen.